Heim

 

PINSEMENIGHETEN BETANIA ØYFJELL

 

Her kjem etter kvart informasjon om pinsemenigheten Betania i Øyfjell.

 

Forstandarparet Harald og Asborg Kroken når du på telefon 95886039

 

 

Helsing frå Harald og Asborg

Det handlar vel eigentleg om liv. Og alt som lever er i utvikling og vekst. Så også med det liv Gud har gjeve alle som trur. Det strekkjer seg etter sitt opphav, på same måten som eit barn strekkjer seg i begeistring mot mor og far fulle av kjærleik og omsorg. Men kva skal dei strekkje seg mot som ikkje kjenner sin himmelske Far? Dei kjenner ein lengsel i sitt indre, men veit ikkje rektig kva det er. Det er dette vi som frelste har som vår viktigaste oppgåve å gjera kjent for dei som ikkje veit kva deira indre lengsel strekkjer seg etter; den Gud og Far som har skapt alt, som gav det liv. Han som sjølv lengtar etter samfunn og fellesskap med det kjæraste Han har, menneska som Han skapte i sitt eige bilete. Ja så mykje betyr det for Han at Han gav sin einaste son for å berge det som var fortapt. Dette er den bodskapen vi er kalla til å bera ut. Dette er Evangeliet som er ei kraft til frelse til kvar den som trur.

Det er dette vi ser at skjer no, menneskje høyrer Evangeliet, tek imot, og opplever at krafta i det set dei fri. Så enkelt, så kraftfullt, så viktig, så avgjerande. Blir du med vidare i dette livreddande arbeidet?

 

 

 

 

 

 

 

 

Adresse til menigheten

 

Pinsemenigheten Betania Øyfjell

Øyfjell

3890 Vinje